page view image

Tom Roger Aadland på Nesheimstunet

Tom Roger Aadland, frå Vikebygd, kjem «nesten heim», og held solokonsert på Nesheimstunet. Han spelar frå det nye albumet «Vrang viljes veg», samt kjente radiofavorittar og Dylan på nynorsk.

Information
event image

Tom Roger Aadland frå Vikebygd i Vindafjord kommune er ein av dei mest kritikarroste artistane og låtskrivarane i landet. Med ei eiga evne til å kombinere sterke tekstar med iøyrefallande melodiar, har han skapt radiofavorittar som «Alle dei i ei», «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for bl.a. Hellbillies («20 år på vegen»), Vamp og Marion Ravn.

Aadland fekk sitt store gjennombrot med dei banebrytande gjendiktingane av Bob Dylan til nynorsk på albuma Blod på spora (2009) og Blondt i blondt (2016), som òg danna grunnlaget for suksessframsyninga Vikla inn i blått på Det Norske Teatret. Sidan har han stått fjellstøtt på eigne bein med originalmateriell av høg klasse – heile elleve kritikarroste album har det blitt.

I februar 2027 kjem det nye albumet «Vrang viljes veg», og Tom Roger Aadland drar på turné. Torsdag 18. mars kjem han «nesten heim» til Nesheimstunet i Nedre Vats med eit konsertprogram beståande av splitter nye låtar, kjente radiofavorittar og Dylan på nynorsk. Gled deg til ei nær og sterk konsertoppleving med ein av Noregs fremste historieforteljarar!

nynorsk dylan aadland songlyrikk