Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Tom Roger Aadland feirar i desse dager tjue år som artist, og utvidar jubileumsturnéen inn i 2025. Laurdag 1. mars vitjar han Nesheimstunet. På programmet står eigne låtar, Dylan på nynorsk, og et utval songar skrivne saman med andre opp gjennom åra (Hellbillies, Kjartan Fløgstad).
Det nye albumet «Lysvandring» har fått strålande kritikkar. «Et mesterverk», skriv musikkbloggen The Wilhelmsens, og held fram: «Det er lenge siden jeg har hørt et så gjennomført og suverent album». Klassekampen omtalar albumet som «et nært og intimt møte med en av våre beste historiefortellere», mens musikkavisa Puls meiner «Aadland sprenger grenser med dette albumet».
«Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie», skreiv hi-fi-magasinet Stereo+ då albumet «Skyer» (2023) kom ut. Som låtskrivar er Aadland særmerka av evna til å skriva sterke tekstar kombinert med gode melodiar, og ei rekkje av songane hans har blitt radiofavorittar. Mange kjenner nok igjen låtar som «Like til mi dør», «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag».
Tom Roger Aadland er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein song, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen. Det er duka for ei musikalsk feststund i Nesheimstunet.