Tom Roger Aadland & Dylan på nynorsk

page view image

Tickets Not Available

Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Rockepoeten Tom Roger Aadland held konsert på Kafé Krydder i Sogndal torsdag 6. oktober. På programmet står Dylan på nynorsk og eigne låtar. Aadland sitt nyaste album «Motgift» har hausta strålande kritikkar. «Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter på egen hånd», skriv Aftenposten. Vårt Land kallar albumet «en hestekur mot likegyldighet og overfladiskhet», Stavanger Aftenblad, «en reseptfri kur mot det vonde». Dagsavisen meiner «det hadde vært på sin plass at Bob Dylan spilte inn disse sangene på engelsk». Klassekampen omtalar albumet som «det beste Aadland noen gang har gjort».

Denne hausten er Aadland aktuell med singlane «Den du e» og «September». Han har ei rekkje songar som er mykje spelt på norsk radio, til dømes «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Aadland sine Dylan-gjendiktingar gjer for tida suksess på Det Norske Teatret i Oslo i framsyninga «Vikla inn i blått». Dobbeltalbumet «Blondt i blondt» blei kåra til årets album av P1 Norsk på norsk då det kom ut. Aadland er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies, Vamp og Marion Ravn.

Dylan-gjendiktingane hans har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan sunge av Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var også blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Dylan fylte åtti. Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen.

Organizer
Embacle